Eksempel på læreplan i koding for barneskule

Knappskog skole i Fjell kommune har oppretta eit prosjekt som du kanskje kjenner som Digg læring (@digglæring på Twitter). Tidlegare i år skreiv lærar Ingvild Vikingsen Skogestad innlegg hos oss på kidsakoder.no: Koding på Knappskog skule..

Nyleg fekk dei Innovasjonsprisen for 2018 for det arbeidet dei har gjort med å få IKT som ein viktig faktor i undervisning og læring.

Skulen har laga ein eigen Læreplan i koding, og om du ønsker å sjå på den for å sjå kva dei gjer og legg opp undervisninga til, har vi fått lov til å dele den med andre skular her:

Læreplaner i skole – Google Disk

Planen er visstnok stadig under revidering - og er sjølv inspirert av kodeplan for Grinde skule av Espen Clausen (@espenec).

Om skulen din har eigen plan for koding i skulen som du ønsker å dele, er det veldig fint om du lenker den inn hit.