#LærSjefenKoding: Slik lærer du sjefen koding

Under Arendalsuka hadde vi eit lite stunt på #LærSjefenKoding. Vi ville gi sjefar, journalistar og andre interesserte eit innblikk i kva vi lærer bort barn i kodeklubber over heile landet, ei oppleving av fysisk programmering og avmystifiserie omgrepet koding.

Dette er ikkje noko vi skal gjere ofte, sjølv om vi ca ein gong i veka får vi invitasjon om å lære tilsette koding på arbeidsplasser. Det gjer vi ikkje. Vi jobber for at kidsa skal lære seg det. Men det er absolutt ingenting i vegen for at ikkje du lærer sjefen din koding!

Det gjorde @Helge. Han hadde eit lite minikurs i micro:bit for Auke Lont, konsernsjefen i Statnett, som blei veldig entusiastisk.

Så korleis kan du lære sjefen din koding?
Under Arendalsveka var planen at vi eigentleg skulle programmere ein presentasjonsklikkar slik at du kunne stå på scenen og ved hjelp av ein microbit i handa, styre datamaskina via ein microbit som var kobla til maskina. Gode frivillige i LKK som @gahjelle og @stenrs kasta seg rundt for å hjelpe og fekk laga ei oppgave (PXT: Micro:bit Presenter). Det viste seg å by på masse installasjon på eit nett med lite kapasitet, og i grunn ikkje så gøy aktivitet som vi ønskte det skulle bli.

I staden tok Helge tok utgangspunkt i oppgavene på nettsida vår: oppgaver.kidsakoder.no:

  1. Blinkende hjerte

  2. Stein, saks og papir

  3. Temperaturmåler

Det gjekk ganske så bra. Om du vil, kan du lese om arrangementet i frifagbevegelse.no:

Men Scratch er også noko ein lett kan leike seg med folk på jobben. Kanskje du har prøvd det? Kanskje du har nokre fleire tips til korleis ein kan lære seg programmering på jobben og kva ressursar som er gøy å teste ut?

Om du gjer det, del gjerne erfaringane med oss - og om du deler det ellers på nettet, er det fint om du slenger på #lærsjefenkoding, så fanger vi det opp!

1 Like