LKK er invitert av Facebook til London!

I desember skreiv eg søknad til Facebook om å få bli med på den første Facebook Communities Summit for “Communities” i Europa. Etter eit intervju, tikka det inn ein invitasjon frå dei på nyåret. Dei betaler fly til London, hotel, mat og vi får vere med på to dagars workshop og foredrag i februar. Det finaste av alt, var at eg fekk ta med meg ein person til frå nettverket vårt. Astrid Storkås vart den heldige - ettersom ho skal leie kommunikasjonsgruppa i LKK framover og jobbe mykje med å oppgradere nettsidene våre.

MEN; det er jo dumt å la høvet gå frå seg når vi først kjem så nærme Facebook, og eg har booka tid til å få preike om både gruppe- og sidefunksjonaliteten. I tillegg blir det workshops på (trur eg) korleis digitale verktøy kan gjere det lettare å gjere ting i lokalsamfunnet sitt.

Har du i den samanhengen nokon innspel vi skal ta med oss?

  • Har du spørsmål til funksjonalitet i grupper eller facebooksider?
  • Har du behov for ein type funksjonalitet?
  • Kva ville gjort det å lære barn koding lettare?

Om du har innspel, lover eg at eg skal ta dei med og sjå om vi kan finne ei løysing på dei! Svar gjerne i tråden under her!

Herdis :slight_smile: