Vi treng stadig fleire oppgaver som blir brukt både i ein av dei over 100 aktive kodeklubbene våre og i skulen. Om du vil vere med og bidra, blir vi veldig glade for de
Vi har samla oppgavesamlingene på desse sidene: https://oppgaver.kidsakoder.no/
I fjor jobba vi mykje med å få oppgaver koda ekstra om slik at dei blir enda meir nyttige for lærarar: https://oppgaver.kidsakoder.no/beta. Vi jobber no med å ferdigstille beta-sidene slik at dei blir oppgavesidene våre.
Det vi treng spesielt hjelp til, er å kunne ta i mot læringsopplegg og kode dei rett i github og legge dei ut. Her er ei oppskrift på å få oppgavene ut: https://github.com/kodeklubben/oppgaver.
For den gjengse lærar eller kodeklubbkoordinator, virker den oppskrifta uoverkommeleg. Men sluttresultatet blir skikkeleg fint. Så det vi treng hjelp til, er:
- kode læringsopplegg fra plaine tekstfiler til nydelege oppskrifter
- finne opplegg; vere på jakt på opplegg hos både lærarar og kodeklubb-koordinatorer slik at folk deler enda fleire opplegg
- lage nye oppgaver som de finn interessante
- bli med på spesielle oppgaveoppdrag og utarbeide undervisningsopplegg
- vere med og lage ei gruppe som jobber godt med dette
- vere med og bestemme utsjåand/funksjonalitet av oppgavesidene på nettsidene våre
- oversette oppgaver til bokmål/nynorsk
Det er ikkje alt som er aktuelt for alle å bli med på. Nokon vil gjerne berre ha ein epost med jobbtasks, andre vil kanskje bli med i ei gruppe og gjere enda meir omfattande jobb enn dei forslaga eg skisserer her.
Om du blir med, har du høve til å bli med på månadlege møter og bli ein del av nettverket av frivillige og gode folk/partnarar i LKK. Kva du vil bidra med, er opp til deg. Vi tar imot all hjelp vi kan få. Og du får sjølvsagt referansar/attest om du treng det etter endt arbeid.
@gahjelle har jobba med oppgaver lenge og kan svare på ekstra spørsmål og vere ein ekstra støtte for å komme i gang.
Om du har lyst, gi meg gjerne ein lyd med kva du har lyst å bidra med på etter kva du føler du har tid og ressurser til. Vi er open for alle forslag frå folk som har lyst å hjelpe oss med å lage gode kodeoppgåver til kidsa!